Skiløyper 2019/2020 - Skjåk Turløyper er i full gang
Vinteren har fått fotfeste i Skjåk og Skjåk Turløyper er i full gang med å preparere skiløyper. Det er meget gode løypeforhold i traseen Billingen-Måsåbakkan (6,5 km). I tillegg er det trakka såle mellom Åsetrene og Botn via Åslivegen og i Dønfossrunda. Desse vart nykøyrde 19.11. Også aust og vest for Grotli Høgfjellshotell er det fine løyper. Løypekart og status finn du på: https://loyper.net/
Vi minner om at Skjåk Turløyper i stor grad er eit frivillig foretak som er avhengig av støtte. Løypebidrag er dermed kjærkome. Du kan gjeve bidrag ved overføring på konto 2085.2657554 eller vippsnummer 506023. Med bidrag er du med og sikrar gode løyper i tida framover.
God tur 😃👍