Enkeltkort på hjort i Skjåk Almenning

Skjåkalm logo.jpg

Skjåk Almenning lyser ut retten til å felle hjort ( kalv/ungdyr) på enkeltkort resten av jakta 2020 – frå og med 2. desember til og med 23. desember 2020.

Berre innanbygdsbuande i Skjåk kan søkje, og tildeling av kort blir etter trekning. Dersom ein har fleire ledige kort enn søkjarar innan fristen, blir fellingsløyva tildelt fortløpande (til innanbygds) etter fyrstemann til mølla prinsippet (jeger må ha skote tildelt dyr før ein eventuelt får tildelt fleire).

Det er fastsett grunnpris for kvart dyr, denne er kr 200,- .Grunnprisen blir ikkje refundert, uansett felling eller ikkje. Ved felling betalar ein i tillegg kr 70,- per kg slaktevekt, inkl. fellingsavgift og mva. For meir informasjon- ta kontakt med Birgit Bilstad, e-post: birgit@skjak-almenning.no / tlf 97 60 53 29

Søknadsfristen er 2. desember kl. 09:00.

Send søknad på e-post med namn, adresse, e-post og telefonnummer til: birgit@skjak-almenning.no

Birgit Bilstad