Elevar på rypejakt
19.februar inviterte vi elevgruppa med valfaget natur, miljø og friluftsliv frå Skjåk barne og ungdomsskule med på rypejakt. Hovudmålet var trivsel og gode opplevingar med å vera ute, men også rekruttering av framtidige jegerar.
Rypa sat godt gøymt under 30-40 cm nysnø, men alle fekk sett fugl, og ein hare vart med heim i sekken. Takk til dei 4 viljuge jegerane som stilte opp som gruppeleiarar. 😀👍