Informasjon om reinsjakta 2020 (stengde hytter)

Om nøyaktig 10 dagar er vi ferdige med årets fyrste dag i villreinjakta. Som før blir korta henta ut på kontoret vårt ved levering av underskriven kontrakt og framvist jegeravgift. Litt meir informasjon om jakta 2020 finn de her; https://www.skjak-almenning.no/jakt-i-skjak/aktuell-informasjon
Det viktigaste av nye nasjonale innføringar er at alle kalvar skal vegast og registrerast.

Elles må vi opplyse om status for almenningshyttene som tidlegare år har vore opne for fri bruk i jakta. På grunn av covid-19 og dei råda som gjeld for smittverntiltak, har Skjåk Almenning i samråd med kommuneoverlegen i Skjåk, bestemt å halde almenningshyttene som brukar å stå opne i reinsjakta, stengt i år. Dette gjeld Sauhytta, Grønstorrbu, Sottjønnbu, Raudalsbu og Glitterbu i Breheimen, Storhøbu og Sveinbu i Reinheimen. Det blir ikkje høve til å leige desse, da jaktoppsynet vil kunne bruke hyttene i samband med sitt arbeid.

Dette er frykteleg synd for alle som har nytta dette tilbodet og gleda mange slitne sjeler, men vi ber om forståing for å oppretthalde smittevernsreglane. Forhåpentlegvis er vi tilbake til normalen neste år.

Dei andre almenningshyttene er opne for utleige som vanleg på Inatur. Der er også ein del private som leiger ut hus, hytter og sentrale setrer. Sjekk ut sidene til Inatur og Airbnb, eller ta kontakt med oss. 😊

117595767_1373781829497539_6411334337178313514_o.jpg
Birgit Bilstad