Kvote for rypejakta 2020/2021
Resultatet frå årets linjetaksering på rype er nå bearbeidd og det syner til ein moderat produksjon. Det er imidlertid stor variasjon innad i almenninga. Tendensen er lik for fleire områder i Noreg som du kan lese meir om i ryperapporten 2020 (https://www.fjellstyrene.no/aktuelt/den-detaljerte-ryperapporten-finner-du-her).
Årets kvote er sett til ei dagskvote på 2 ryper (derav maks 1 lirype) og ei totalkvote på 6 ryper på ein sesong/jaktperiode i Skjåk Almenning. Restriktiv kvote blir sett for å sikre eit grunnlag for neste års bestand.
For utanbygds blir det blir ikkje meirsal av jaktkort på rype utover det som alt er tildelt etter søknad og trekking. På Inatur kan du imidlertid kjøpe kort for fuglehundtrening, harejakt og smårovvilt.
Sjå elles sida; https://www.skjak-almenning.no/jakt-i-skjak/smaviltjakt for meir informasjon.
Vi oppmodar jegerane om å hauste av kull, og spare enkeltfugl og par. Vi ynskjer alle jegerane fine haustdagar i Skjåk!