Enkeltkort på hjort 2021
Skjåk Almenning lyser ut retten til å felle hjort på enkeltkort resten av jakta 2021 – frå og med 1. desember til og med 23. desember 2021. Det blir berre tildelt hjort i kategori kalv / ungdyr / hind.
Berre innanbygdsbuande i Skjåk kan søkje, og tildeling av kort blir etter trekning. Dersom ein har fleire ledige kort enn søkjarar innan fristen, blir fellingsløyva tildelt fortløpande (til innanbygds) etter fyrstemann til mølla prinsippet (jeger må ha skote tildelt dyr før ein eventuelt får tildelt fleire).
Det er fastsett grunnpris for kvart dyr, denne er kr 1500,-. Grunnprisen kjem til fråtrekk ved felling av dyr. Ved felling betalar ein kr 70,- per kg slaktevekt, inkl. fellingsavgift og mva.
For meir informasjon- ta kontakt med Birgit Bilstad, e-post: birgit@skjak-almenning.no / tlf. 97 60 53 29
Søknadsfristen er tysdag 30. november kl. 09:00.
Send søknad på e-post med namn, adresse, e-post og telefonnummer til: birgit@skjak-almenning.no.