Aktivitetshefte for born og unge

Villreinløypa i Skjåk er eit samarbeid mellom Skjåk Almenning, Billingen Seterpensjonat, Naturopplevingar, Sota Sæter DNT og Explore Skjåk. Det er med stor glede å kunne presentere aktivitetsheftet om villreinen "Sot".

Dette heftet inneheld 16 sider med ulike aktivitetar, oppgåver og kunnskapsformidling om villrein.

Heftet kjem du blant anna til å finne i almenningshyttene framover, og er laga for å gjeva born og unge eit ekstra underhaldningstilbod på fjellturar. Samtidig skal det gjeva lærdom om villreinen som art og korleis ein skal oppføre seg i møtet med dei.

Etter endt fjelltur, vil den unge få ein premie ved å kome innom her på almenningskontoret og vise fram heftet sitt.

Takk til Haus byrå for godt samarbeid!

Skjermbilde1.PNG
Birgit Bilstad