Hytteutleige til helger og vinterferie
I dag har kvikksylvet krope ned til -35 grader på Sota 😨 . Det er kaldt, men fint til fjells for tida. Heldigvis merkar ein no varmen frå sola! 🌞
Almenningshyttene står klare for utleige til ei kvar tid. Det nærmar seg vinterferie og moglegheiter for turar til fjells. Vi vil anbefale Sottjønnbue og Aursjohytta for gode opphald framover. Det er godt med ved og gass i hyttene. Det kan vera lurt å ta med seg ei lita tint med låsespray i tilfelle låsen er "trå". Ein kan i så fall kome innom her på kontoret og få med seg spray.
Informasjon om alle hyttetilboda finn du i denne brosjyra: https://issuu.com/…/docs/hyttebrosjyre_oppdatert_februar_201
Reservering av hytte gjer du vi Inatur: https://www.inatur.no/sok… (innanbygds bør ta direkte kontakt med oss).