Kvoter for rypejakt 2021/2022

Rypejakt i Skjåk Almenning 2021/2022

Resultatet frå årets linjetaksering på rype er nå bearbeidd og resultatet syner dessverre til dårleg produksjon av kyllingar. Jakta blir dermed gjennomført med desse avgrensingane:

Kvoteordning for utanbygds: Årets kvote er fastsett til ei dagskvote på 1 rype og ei totalkvote på 5 ryper på ei jaktperiode i Skjåk Almenning. Restriktiv kvote blir sett for å sikre eit grunnlag for neste års bestand. Denne kvota fylgjer kvar enkelt jeger/periode og kan ikkje overdragast på noko vis.

Kvoteordning for innanbygds: Dagskvote på 1 rype og ei totalkvote på 5 ryper for sesongkort (berre 3 av desse kan fellast under vinterjakt). Dersom ein kjøper halvsesongkort for haust kan det fellast 5 ryper, men berre 3 på halvsesongkort for vinterjakt. Kvote på orrfugl for innanbygds er 2 orrfugl (svartfugl/hann) pr. sesong. Storfugl er freda i Skjåk Almenning.

For utanbygdes jegere blir det ikkje sal av rypekort utover det som er seld på førehand. Innanbygdes kjøper kort her på administrasjonsbygget. På Inatur kan du imidlertid kjøpe kort for fuglehundtrening, harejakt og smårovvilt.

Vi oppmodar jegerane om å hauste av kull, samt spare enkeltfugl, steggar og einslege par. Samstundes oppmodar vi sterkt om at jegerane tek heile terrenget i bruk. Kontakt oss gjerne for tips til utgangspunkt. Vi oppmodar også jegerane om å felle predatorar (jaktbare) som ein kjem over - og ynskjer alle jegerane med dette fine haustdagar i Skjåk!

NB! Reinheimen-Breheimen villreinutvalg har utvida villreinjakta til 19.9. Det er difor viktig at jegergruppene viser omsyn til kvarandre under jakta.

Hugs jaktrapportering via Inatur etter endt jakt!

God jakt!

Lirypestegg. Foto JoT (1).JPG
Birgit Bilstad