Skjåk Almenning søkjer ny allmenningsstyrar

Skjåk Almenning er på jakt etter ein strukturert og målretta leiar som kan vidareutvikle landets største private eigedom.
Vår noverande almenningsstyrar har tatt ei avgjerd om å slutte i stillinga da utfordringa med pendling har vore krevjande. Han omtalar valet sitt slik:

"Ut frå omsynet til familielivet ser eg ikkje anna råd. Dette er ein utruleg god arbeidsplass med gode kollegaer, så det er ei avgjerd som sit langt inne."

Du vil få ein spanande og utfordrande jobb der du spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av Noregs største private eigedom.

Her vil du få moglegheita til å påverke både dagleg drift av verksemda og dotterselskapa våre. Vi tilbyr eit triveleg kontorfellesskap der offentleg og privat forvaltning jobbar saman.

Vi ser etter deg som:

  • Har relevant høgare utdanning, gjerne innan felt som: Jus, eigedomsforvaltning, næringsutvikling

  • Har erfaring med drift og utvikling av store eigedommar

  • Er ein tydeleg og strukturert leiar som kan inspirere og motivere medarbeidarane dine

  • Har god økonomisk forståing og erfaring med leiaransvar

  • Er målretta, samarbeidsorientert og engasjert

  • Har god munnleg og skriftleg formuleringsevne

Sjå fullstendig utlysningstekst, presentasjonsvideo og kvar du kan sende søknad her!

Søknadsfrist er 8. desember.


Birgit Bilstad