Utlysing av elg og hjortejakt i Skjåk Almenning 2024-2026

Skjåk Almenning lyser ut elg- og hjortejakt i sine jaktfelt for perioden 2024-2026.

Det er anbod per kg slaktevekt. Innanbygdsbuande blir prioritert slik at dersom dei byr over minstepris på 100 kr /kg slaktevekt vil dei bli prioritert uavhengig av kva utanbygds jaktlag byr.

For informasjon om feltinndeling, kvoteoppsett, føresegner / kontrakt, søknadsskjema m.m., ta kontakt på e-post til birgit@skjak-almenning.no for å få tilsendt anbodspapir.

Det blir teke atterhald om å kunne godta eller forkaste eit kvart bod.

Frist for å koma med anbod er måndag 3. juni 2024 kl. 10:00

Birgit Bilstad