Fiskesesongen 2022
Det nærmar seg fort mai. Linerla er komen til Skjåk, og det er eit godt teikn på at vinteren held på å sleppe taket. Vi ser fram til ein ny fiskesesong i Skjåk Almenning med nye og “gamle” fiskarar. 😀
I Skjåk løyser du eit fiskekort som gjeld for heile kommunen og som inkluderer alle elver og vatn. Alternativ med døgnkort, 3 døgn, vekekort eller sesongkort (enkeltkort eller familiekort for innanbygds).
Vel mellom 230 ulike vatn og 25 mil med elv i eit område som omfattar meir enn 2000 km2.
Fiskealternativ frå 360 – 1700 moh. Som gjer fiskesesongen lang og variert.
Ingen tidsavgrensing eller fredningssoner.
Sentralt i Sør-Noreg med omtrent akkurat lik avstand til storbyane Oslo, Bergen og Trondheim.
Moglegheiter for overnatting i Skjåk Almenning sine 18 utleigehytter som ligg gunstig til for fiske. Fleire av dei er utstyrte med båt og garn. Eller hjå andre servicebedrifter i kommunen som ligg gunstig til og tilbyr gode fasilitetar.
Vi ynskjer å gjere fisketuren din i Skjåk mest mogleg optimal. For spørsmål eller informasjon kan du besøke denne fanen eller sende ein e-post til oss på firmapost@skjak-almenning.no.
I tida framover vil vi kome med informasjon om tjønner, elver og vatn som blir fiskbare når vinteren trekkjer seg tilbake.
Velkomne til oss! 😊