Nå kan du bestille dronesøk etter rådyrkje i Skjåk!
Skjåk Utmarksråd og Skjåk Almenning har i samarbeid gått til innkjøp av drone med termisk kamera for å identifisere rådyrkje som ligg i slåtteklar eng. Rådyrkjea ligg ofte å trykker i høgt gras, medan dei ventar på mor - og ingen ynskjer at desse skal havne i slåmaskina!
Vi er så heldige at Eldar Eggen har teke på seg å vere dronepilot.
Dei beste forholda er fyrst på dagen. Gardbrukarar som ynskjer å nytte tilbodet kontaktar Eldar dagen før planlagt slåing. Drona og kamerautrustninga krev at det ikkje er for mykje vind, nedbør og skodde.
Det er naturlegvis ikkje kapasitet til å flyge alt areal og det er ynskjeleg at det blir bestilt flyging fyrst og fremst på område der det erfaringsvis oppheld seg rådyrkje i slåttetida.
Ved flytting av rådyrkje er det svært viktig å bruke hanskar, og legge gras mellom hendene og dyret (for å avgje minst mogleg mennsekelukt som kan gjere at rådyrmor ikkje vil ha kjea sine).
Det er gratis å benytte drona, men kvar enkelt gardbrukar gjer opp med Eldar slik at han får dekt noko køyreutgifter. Fastpris kr 300,-. per oppmøte.
Kontakt Eldar Eggen, telefon 909 93 606 dagen før slått, slik at han kan flyge fyrst på dagen når forholda er best.