Fotokonkurranse "Fiske i Skjåk"

Er du glad i å fiske og ta bilde? Bli med i fotokonkurransen til Skjåk Almenning, «Fiske i Skjåk»!

Fiske ved Einingstjønn. Foto: Kari Lauten.

Det er på tide å fornye fiskebrosjyra vår, og da treng vi hjelp av dykk til å vise fram dei gode moglegheitene til fiske i Skjåk.

Fotokonkurransen går over heile sumaren og vi kårar ein vinnar kvar fredag frå 21.06.2024 og ut august. Vinnaren får ein turkopp og eit gåvekort på eit sesongfiskekort for 2025. Vinnarbildet visar vi fram på kommunikasjonssida på Facebook.

Vi ynskjer oss bilde frå hele fiskesesongen, så konkurransen avsluttast først 15.10.2024. Etter konkurransens slutt, trekk vi ut fem vinnarar blant alle bidraga som har kome inn. Premien er eit gåvekort på ei valfri overnatting blant våre hytter.

Pass på at ditt bilde passar til emnet for konkurransen, «Fiske i Skjåk».

Vi ynskjer oss bilde som viser til dømes:

  • Ditt favoritt fiskevatn eller elv

  • Stemningsbilde ved eit vatn eller vassdrag

  • Menneskelege relasjonar til fiske

  • Fisketurar i alt slags vêr

  • Vatn med landskap rundt

  • Kreative bilde

  • Matoppleving med fisk

  • Fiske med stong, garn, oter eller fiske frå båt

  • Stor og liten fangst

  • Rekrutt- eller seniorfiskar

Kriterium:

  • Bilde må vere frå Skjåk.

  • Ved bilde av barn må foreldre samtykke for ungar under 13 år. Sjå Bilder av barn | Datatilsynet.

  • Skjåk Almenning atterhald retten til å nytte bilde i forbindelse med omtale av konkurransen samt bruke innsendte bilde i ny fiskebrosjyre og i Skjåk Almenning si marknadsføring elles.

  • Bilde skal sendast i jpg-format.

  • Bildet må vere reint og utan form for tekst, logo, vassmerke, osv. Alle bilde som blir brukt i trykk blir kreditert med fotografens namn i bildetekst.

  • Fotograf må avklare personvern og samtykke til bruk frå personar som eventuelt er med på bilde. Dette må avklarast før innsending.

  • Innsendar er pliktig til å få godkjenning dersom ein sender inn bilde med ein annan fotograf.

  • Fotografens namn og kvar bildet er teke må føres opp i e-posten.

  • Bilde må være sendt inn i full oppløysning og vere av så god kvalitet som mogleg.

Korleis kan du delta?

Send bildet til firmapost@skjak-almenning.no med emne «fotokonkurranse Fiske i Skjåk».

Del ditt beste augeblikk og få sjansen til å vinne.

Vi gleder oss til å sjå dei alle!

Skjåk Almenning