Registrering av båtvrak og garnkasser
Som grunneigar og forvaltar, meiner Skjåk Almenning det er elementært å halde ei klar line på orden i utmarka vår. Dette er særs viktig både for oss i nåtida og for framtidige generasjonar. I samarbeid med kommune og vernemynde vil vi derfor setje i verk eit registreringsarbeid av båtar, vrak og garnkasser. Meldingar frå publikum og brukarar vil bli sentrale i dette arbeidet.
Vi ynskjer derfor:
· At du tek kontakt med oss om du kjenner til eller registrerer båtvrak og garnkasser i dårleg forfatning. Ta gjerne bilde og posisjon av det du registrerer. Båteigar kan sjølv innkassere 1000 kr. i vrakpant ved levering på miljøstasjon. Vrak utan kjent eigar vil bli merka med pålegg om fjerning. Grunneigar kan elles etter ei varslingsperiode fjerne vrak med heimel i forureiningslova § 28 og § 37.
· Skjåk Almenning ynskjer også informasjon om eigarskap rundt intakte båtar og garnkasser som er i bruk. Er du innehavar av båt/garnkasse i utmark i Skjåk Almenning ber vi deg derfor om å ta kontakt med oss. Med god oversikt over dette, får vi god orden i utmarka vår som skal vere fri for søppel og forureinande element.
E-post: firmapost@skjak-almenning.no
Tlf. 61213900