Is og føreforhold i Skjåkfjella per 20. juni 2024

Som i resten av Sør-Norge var mai varm, og gjorde at både snø og is forsvann i rekordtempo også i Skjåk.

Så har det nesten “stått roleg” i fleire veker i juni, men med varmen og vinden som er venta dei neste dagane ser det ut til at endå fleire vatn vil vere klare for fisketur innan kort tid.

Nå er det straks sommarferie for mange, og vi har difor gjort opp status for snø- og isforhold i Skjåkfjella ut frå det vi veit per 20. juni;

Området Leirungsvatnet - Aursjofjellet - Lortjønnen; Her er det isfritt og fint farbart.

Området Glittervatnet / Åfottjønnen / Gml. Strynfjellsvegen; Her er det meste isfritt og greitt farbart.

Raudalsvatnet er isfritt.

I området mellom Liavatnet og Tundradalen ligg det att ein del snø, mellom anna Sottjønnen er ikkje isfrie endå - men det er fint farbart i Tundradalen. Lundadalsvatnet er også isfritt.

Området Skarvedalen - Torsvatnet - Storvatnet; Her ligg att ein god del is og snø, vi får oppdatert rapport frå der i løpet av neste veke.

Området Torsvatnet, Veltdalen, Vuludalen / Grønvatnet og vestover; Det ligg att noko is på ein del vatn og ein del snø i både Veltdalen og Vuludalen - Grønvatnet er heller ikkje isfritt.

Vi har ikkje rapport frå Hamsedalen og innover mot Kvitberg / Vien - men reknar med at det er greitt farbart og at fleire vatn der er isfrie.

Birgit Bilstad