Hugseliste etter du har skote dyr
Når du har skote dyret ditt er det nokre ting ein må hugse på;
Skjer kortet med type dyr og dato.
Rydd slakteplassen før du reiser derifrå, og hugs at alt nyttbart kjøtt skal takast med heim. Legg du att kjøtt i fjellet for seinare transport skal dette merkast med kjøtmerkelappen.
Alle skal ta CWD prøver av dyr eldre enn kalv.
Registrer data om felt dyr i “sett og skutt” så snart som råd (merk at ein må laste ned appen på nytt frå i år, meir info og lenker her. )
Alle kalvar skal vegast nøyaktig slaktevekt. Veg gjerne også andre dyr så nøyaktig som råd, vekter heng på Aursjohytta og utanfor kontoret vårt i Bismo.
Hugs at alle kjevar skal leverast inn, også kalv. Kjevane må merkast med kjevelappen som ein fekk utdelt, manglar denne i konvolutten så ta kontakt med oss for å få ein ny. På kjevelappen er det betre at du skriv for mange opplysningar enn for få!
Rensk kjeven GODT før du legg denne saman med kjevelappen i kjevekassa (kjevelappen må knytast på kjeven). Alternativt ta med kjeven heim og heng til tørk , før du leverar den her eller sender den i posten.
Kontrollkortet (jaktkortet) skal IKKJE i kjevekassa - men leverast enten på kontoret, i POSTkassa vår utanfor kontoret eller sendast i posten til Skjåk Almenning, Industrivegen 10 - 2690 Skjåk.
Manglande innlevering av kjevar og/ eller kontrollkort “premierast” med eit gebyr på kr 1000,- (jf. kontrakt).