Rypetaksering og jakt 2024/2025
Takseringsgruppa har utført den årlege takseringa av rypebestanden i Skjåk Almenning. Vi har bearbeidd resultatet som viser kyllingproduksjon på 0,93 pr. par og 1,7 fuglar pr. km.
I jaktsamanheng skal ein som vi alle kjenner til, ha eit haustbart overskot av arten før ein opnar for jakt. Låg reproduksjon gjev høgare risiko for at jakt vil redusere delen av stamdyr.
For rypebestanden sin del, er kyllingproduksjon ein viktig indikator for å definere det haustbare overskotet. Produksjon under 2,5 kyllingar pr. par blir gjerne definert som raud (ikkje haustbart overskot).
Det er gledeleg å sjå at mange område i Sør-Noreg har ein bestandsoppsving. Men for Skjåk Almenning sin del er dessverre ikkje situasjonen slik. Sjølv om det gledeleg nok er eit og anna bra kull i år og mykje smågnagarar. I sårbare perioder fyrst på sommaren hadde vi to perioder med snø ned i skoggrensa. Dette vart mogleg utslagsgjevande for klekkinga.
Med bakgrunn i denne uheldige bestandssituasjonen, har vi vedtatt å frede rypa for jakt i jaktsesongen 2024/2025.