Vinterstengte hytter i Skjåk Almenning av omsyn til villreinen
Skjåk Almenning har gjort vedtak om at alle våre utleigehytter i høgfjellet skal vere vinterstengt i tidsrommet 1. november til 15. juni av omsyn til villreinen.
Det har uansett ikkje vore noko stor trafikk på hyttene våre om vinteren, men noko aukande besøk frå mars og utover gjer at vi ynskjer å gjere dette grepet for å ikkje legge til rette for auka ferdsel i sårbare leve- og trekkområde for villreinen.
Kva for hytter som er stengt vil vere oppdatert på Inatur sine heimesider.