Båtvrak og forsøpling i naturen vår

I 2024 oppmoda vi fjell og skogfarande om å melde frå til oss om observasjonar av båtvrak. I tillegg oppmoda vi alle som er eigarar av båtar/garnkasser i almenninga om å registrere dette hjå oss. Vi ynskjer å vidareføre dette også i 2025. Stikk innom kontoret eller send oss ein epost dersom du registrerer vrak eller er innehavar av båt/kasse og ikkje alt har meldt frå om det. Dette gjeld for øvrig også andre forureinande element i naturen vår.

To av vraka vart frakta ut på denne turen. Dei har tent fiskaren lenge, men det er ei tid for alt. :-)

Birgit Bilstad