Jakt i villreinens rike
20. august er ein merkedag for dei mange jegerane i fjellbygda Skjåk. Då går nemleg startskotet for villreinjakta i Norges tredje største villreinområde, Reinheimen-Breheimen.
20. august er ein merkedag for dei mange jegerane i fjellbygda Skjåk. Då går nemleg startskotet for villreinjakta i Norges tredje største villreinområde, Reinheimen-Breheimen.
Kvart år blir det felt om lag 300 av 400 tildelte dyr i Skjåk, gode overgangsavtalar sikrar villrein i området i løpet av jakta, og høg fellingsprosent. Spektakulære naturomgjevnadar,naturopplevingar, spenning og ikkje minst knallgod trening for lårmusklane er noko ein vanlegvis får på kjøpet – heilt uavhengig av jaktutbytte. Med villreinjakt i Skjåk Almenning, Reinheimen og Breheimen Nasjonalpark er du nær garantert å føle deg i eitt med naturen.
Søkeportalen 2025 opnar i februar. Søknadsfristen er lik både for innabygds og utanbygds.